Ørskog Frivilligsentral



felles innsats-felles glede-godt miljø

Adresse:

6240 ØRSKOG

Telefon: 
977 12 943

E-post:

frivillig@orskog.kommune.no


Kontaktskjema

Dagleg leiar Gunnhild Todal


Abonner på nytt frå oss:

Skriv inn e-adressa di:
Så får du alt nytt
som e-post!

ØRSKOG FRIVILLIGSENTRAL

Ørskog Frivilligsentral

Frivilligsentralen har flytta til lokala til Braute på Sjøholt. Alle er velkomne inn! Opningstider: 9.30 - 15.30. Eg er åleine på arbeid og må stenge av og til p.g.a. møte og oppdrag utanfor kontoret. Ring 97712943 så ringer eg tilbake så snart eg kan.
06.06.11 kl. 21:45

RSS

Nytt frå sentralen:

Fagdag på Gardermoen

I morgon 27. jan. er alle frivilligsentralar inviterte til å vere med på ein fagdag med tema: "Kommunikasjon for motivasjon av det frivillige personalet i sentralene" v/ Johan Øren. Frivilligsentralen i Ørskog skal også vere med for fagleg påfyll.
Les meir »   26.01.12 kl. 15:35

SKISMØRING

No er vi i siget med skiaktivitet her og tek eit smørekurs i Ørskoghallen 13. feb. Magne Rødseth vil vise oss. Den første timen vil han vise enkel smøring som alle klarer. Etterpå blir det kaffepause før han tek meir avanserte smøreteknikkar - gliding osv
25.01.12 kl. 14:00

Skiteknikk på fjellet

Kjempefin kveld for å trene på ski i går i lysløypa på fjellet. 15 personar møtte opp for å få gode råd frå Oddgeir Vestre som var frivillig instruktør. Vi fekk tips om diagonalgåing og lette bakkar denne gongen. Neste tirsdag kl. 18.30 blir det meir.
Les meir »   25.01.12 kl. 13:44

Ski- teknikk

No har vi fått istand eit opplegg for å betre skiteknikken blant dei ski-glade. Alle er velkomne til å ta del kvar tirsdag kl. 18.30 framover og ut februar. Oddgeir Vestre vil vise oss dei fleste gongane.
Les meir »   23.01.12 kl. 15:12

Eldrerådet

Det er valt nytt eldreråd i Ørskog. I samband med dette er Frivilligsentralen bedt om å kome på møtet deira tirsdag 24. jan for å informere om kva vi gjer for dei eldre i Ørskog. Det gjer eg sjølvsagt gjerne.
Les meir »   19.01.12 kl. 09:44

RSS

Skjer neste månad:

31.01.12 kl. 12:30
Dametreff på Samfunnshuset
Vi inviterer til nytt Dametreff med litt underhaldning, kaffe og kaker og loddsal. Alle velkomne.
31.01.12 kl. 18:30
Ski - teknikk i lysløypa.
Møt opp og få gode tips om teknikk. Oddgeir Vestre vil vise oss. Alle velkomne.
07.02.12 kl. 18:30
Ski - teknikk i lysløypa.
Møt opp til gode tips om teknikk. Denne gongen vil Magne Rødseth vise oss. PS - mulig denne blir flytta til Brauta. Beskjed blir gitt. Velkommen!
08.02.12 kl. 11:00
Kafè på Frivilligsentralen
Velkommen innom.
13.02.12 kl. 18:00
SKISMØRING i Ørskoghallen
Magne Rødseth viser enkel skismøring første timen. Så kaffepause og avansert smøring etterpå for dei som vil lære det. Velkommen!
15.02.12 kl. 11:00
Kafè på Frivilligsentralen
Noko godt til kaffen og triveleg selskap her.
16.02.12 kl. 18:00
Ope møte om Ørskogdagane
Einskiltpersonar og lag og organisasjonar blir inviterte til å kome med innspel om korleis Ørskogdagane skal vere. Velkommen.
16.02.12 kl. 19:30
Lesegruppemøte
Info blir sendt medl. på mail. Tema Alf Kjetil Walgermo sine bøker.
22.02.12 kl. 11:00
Kafè på Frivilligsentralen
Velkommen!

Søk